FLATJORD
Konsernsjef Knut Arild Flatjord i SFE. Foto: SFE

Styra i både Sogn og Fjordane Holding og SFE tilrår eigarane å avslutte fusjonsprosessen. Men Eviny har ikkje gitt opp.

Publisert sak oppdatert med kommentar fra Eviny.

Dei to største eigarane i SFE, Sogn og Fjordane Holding og Eviny, inngjekk i juni ein intensjonsavtale om å greie ut tre alternativ for framtidig eigarstruktur i SFE: Slå saman Eviny og SFE, halde fram eigarskapen som i dag, eller at Eviny ikkje lenger er aksjonær i SFE.

Arbeidet har pågått utover hausten, og utgreiingane av dei to første alternativa er no ferdige. Beslutningsgrunnlaget består av to rapportar, der den eine gjer greie for eit scenario der selskapa slår seg saman, medan den andre tek for seg scenarioet der SFE held fram som eige selskap.

– Det har vore eit intensivt og omfattande arbeid. Eviny har vore tydelege på deira ambisjonar, og no er styra i både Sogn og Fjordane Holding og SFE like tydelege i sine tilrådingar om å avslutte fusjonsprosessen, seier konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord i ei melding.

Usamd

SFE er dermed usamd med Eviny om vegen vidare. Eviny-sjef Ragnhild Fresvik gjorde det før helga klart for eigarane sine at ho og Eviny-styret vil ha ein fusjon.
– Administrasjonen og styret i Eviny tilrår at ein med bakgrunn i eit sterkt industrielt og finansielt rasjonale går vidare i meir detaljert fusjonsforhandling mellom Eviny og SFE i ein fase to, står det i ifølgje Europower i presentasjonen ho heldt.

Til Montel seier Fresvik at ho reagerer på at styret i SF Holdning omtaler årlige synergiar på 100 millionar, meirverdi på 700 millionar kornar til eigarane og meir stabile utbyttar som “avgrensa verdi”. No er det opp til eigarane å bestemma, meiner ho, og avviser at fusjonsprosessen no i realiteten er over.

– Nei, dette er ei innstilling frå styret i SF Holding som skal diskuterast og behandlast på to eigarmøte i selskapet. Først etter 16. desember får me endeleg konklusjon på om det blir ein fase to av utgreiinga om ein mogleg fusjon, seier Fresvik.

Tredje best dei siste fem åra

Behovet for meir kraft til industri- og næringsutvikling var eit viktig utgangspunkt for utgreiingane. Sidan 2007 har SFE dobla sin kraftproduksjon. Dei seinaste fem åra har dei auka produksjonen med 400 GWh. Flatjord forstår godt at SFE er attraktive for Eviny.

– Vi har sett oss som mål å auke kraftproduksjonen med nærare 70 prosent i perioden til 2040. Vi har ei rekkje konkrete prosjekt vi jobbar med, i tillegg har vi fleire fallrettar og konsesjonar. Vi skal klare å gjere vår del av jobben med å dekke kraftbehovet framover, og vi treng ingen fusjonspartnar for å løyse samfunnsoppdraget eller skape verdiar for eigarane våre. Men vi er sjølvsagt positive til å halde fram med å samarbeide med Eviny framover, til det beste for Vestland og begge selskapa, seier Flatjord.

Stor verdiauke

SFE sin rapport syner at investeringane som er gjort dei seinare åra, som fylkeskommunen og dei kommunale eigarane bidrog til gjennom kapitalauken i 2016, allereie har gitt god avkasting. Sidan den gong har SFE hatt ein verdiauke på 156 prosent, ifølgje verdivurderingar som er gjort.

– Vi har føresetnadane for å levere like god verdiskaping og solide utbytte framover, samtidig som vi har eit høgt investeringsnivå, seier Flatjord.

30 fleire tilsette

Han er ikkje redd for at selskapet vil ha vanskar med å rekruttere naudsynt kompetanse framover, mellom anna i møte med den digitale og teknologiske utviklinga.

– Vi opplever å vere ein attraktiv arbeidsplass. Berre sidan 1. januar 2023 har vi blitt 30 fleire tilsette i selskapet, og vi har lite gjennomtrekk i organisasjonen. Når det gjeld teknologisk kompetanse, har vi fleire gonger motbevist at ein må vere størst for å lukkast. Mellom anna var vi første selskap i Noreg med ei godkjent programvare for Statnett sin nye marknadsplass, og denne utvikla vi sjølv, seier han.

Viktig for regionen

SFE produserer straum frå 30 vasskraftanlegg og tre vindkraftverk, både heil- og deleigde. Nyleg etablerte dei selskapet Nyvinn, som skal investere i grøn innovasjon og næringsutvikling i regionen. I tillegg eig dei delar av selskapa Linja, Wattn og Enivest. Flatjord meiner det har stor verdi for både fylkeskommunen og dei kommunale eigarane å ha kontroll over SFE.

– Vi trur regionen treng eit sterkt SFE, og at fylkeskommunen og kommunane er tente med å ha ei stødig hand på rattet. Gjennom eigarskapen i SFE vil dei framleis ha stor påverknad på våre investeringar og prioriteringar, og ikkje minst sikre eit mangfald av kompetansearbeidsplassar i distriktet. Vi har dessutan framleis stor innflytelse over nettutviklinga gjennom eigarskapen i Linja, seier Flatjord.

Usikre synergieffektar

I media har det blitt omtala moglege synergiar ved ein eventuell fusjon. Flatjord meiner tala som har vore gjengitt, ikkje gir eit rett bilete til eigarane.

– For det første veit vi at slike synergiar er usikre, og vi har opplevd betydeleg avstand mellom partane i synet på tala. For eigarane er utbytte viktig. For fylkeskommunen og dei kommunale eigarane av SFE, blir ikkje den samla årlege utbytteeffekten av synergiane meir enn 2,1 millionar i gjennomsnitt dei neste 10 åra, ifølgje KPMG. Dette bør ein sjå opp mot eit samla forventa utbyte til dei same eigarane frå SFE på 2,5 milliardar kroner komande 10- årsperiode, for ikkje å snakke om verdien av å framleis ha SFE i regionen, seier Flatjord.

Fredag 22. november skal eigarane i Sogn og Fjordane Holding få presentert resultatet frå utgreiingsarbeidet, og 16. desember blir vegen vidare vedteke på selskapet si generalforsamling.

Rapporten frå SFE-utgreiinga og samandraget frå fusjonsalternativet kan lesast på www.sfe.no.

Loading..