Løysinga på problemet med høge prisar er meir produksjon og meir nett, ikkje politisk tukling med kraftmarkedet.

  • Av Olav Osvoll, Tussa Kraft

Høge kraftprisar er eit signal om eit marknad i ubalanse der forbruket er høgre enn tilbodet. Det som skapte nokre timar med ekstreme prisar i forrige veke var «dunkelflaute» over Tyskland, som er eit meteorologisk fenomen som gir lite produksjon av både vind og sol.

Fornybar kraftproduksjon svingar sterkt med været, medan forbruket er relativt stivt i høve til pris. Det gjer at priskrysset mellom tilbod og etterspørsel stig raskt med knappheit på energi. Marginalprisinga gjer at prisen blir satt av den sist brukte teknologien for å dekke inn forbruket. Den dyraste innsatsfaktoren i energimarkedet er gass og oljefyrte anlegg med låg virkningsgrad og høg CO2-avgift. Normalt utkonkurrert i dagens energimarked, men blir brukt når behovet er der.

Er det då markedet det er noko gale med eller er det balansen mellom  tilbod og etterspørsel?

Markedet balanserer

Både EU og Energikommisjonen i Noreg har sett etter andre måtar å balansere energimarknaden på. Alle har konkludert med at dagens marknadsmodell er den mest samfunnsoptimale måten å utnytte energiressursane på. Markedet har ein eineståande evne til å balansere tilbod og etterspørsel. Høg pris vil senke etterspørsel.

Berre tenk på når Russland stengte gasseksporten til Europa den 31. august 2022. 45 prosent av gassen til Europa forsvann over natta, prisen gjekk til himmels, men Europa gjekk ikkje i svart. Markedet klarte å balansere tilbod og etterspørsel. Hadde energiprisen vore politisk styrt  og avhengig av politiske vedtak for å gjenopprette balansen er det stor sannsynlegheit for at Europa kunne bli mørklagd.

Kva kan gjerast?

Kva kan vi så gjere dersom det er balansen mellom forbruk og tilbod som er problemet?

Ein kan redusere forbruket gjennom energieffektivisering, samtidig som vi må auke forbruket for å erstatte hydrokarbon med elektron for å nå klimamåla. 52 prosent av energibruken i Noreg er fossil, vi brukar 8,7 milliardar liter drivstoff årleg, sjølv etter mange elbilar på vegane.

I industrien er det ulike fossile innsatsfaktorar i industriprosessane og så kjem utsleppa frå olje og gass produksjonen i Nordsjøen. Dersom vi kan spare 20 TWh , må vi framleis auke produksjon med over 40 TWh dersom vi meinar alvor med å nå klimamåla berre for å erstatte dagens fossile forbruk.

Uregulerbar kraft

Dersom vi aukar tilbodet med ny fornybar kraftproduksjon, vil den i hovudsak vere uregulerbar i form av sol, vind og vasskraft i Noreg. For ny, stor regulerbar vasskraft er potensialet svært lite. Den er allereie utbygd, eller verna gjennom verneplanane for vassdrag.

Den høge prisen vi opplevde nokre timar i førre veke var på grunn av effektmangel i ein kort periode.

Vi har Europas største energilager i form av magasin med vatn som kan nyttast når behovet er der. Problemet no er at dei vart bygd for å gi jamn tilgang på energi heile året. Slik marknaden er designa vil uregulerbar billeg kraft dekke behovet i samfunnet så lenge det er nok av den. Den regulerbare vasskraft må difor byggast om til å kunne gi større effekt når behovet er der i kortare periodar gjennom året.

Hadde Hydro / Lyse stått klar med sitt oppgraderte Røldal/Suldal prosjekt hadde ekstremprisen i førre veke vore langt billegare i NO2.

Stor prisforskjell

Innanfor Noreg er det stor forskjell i straumpris mellom dei ulike prisområda. Vi har desse sonene fordi det er flaskehalsar i nettet som gjer av det er ikkje er fysisk mogeleg med fri flyt av kraft mellom dei. Kapasiteten er begrensa av spenningsnivå og overføringskapasitet.

Medan prisen i NO2 var 400 øre/kWh var prisen i Nord Noreg 12 øre/kWh. I nord var tilbodet langt større enn forbruket, medan det i sør var motsatt. Hadde vi kunna flytta kraft utan hindring frå nord til sør hadde prisen blitt utgjevna mellom områda. Dersom Noreg var eitt prisområde er det balansen mellom tilbod og etterspørsel i heile Noreg som sett prisen. Då treng vi eit samanhengande 420kV sentralnett gjennom Noreg.

Løysinga på problemet er meir produksjon og meir nett, ikkje politisk tukling med kraftmarkedet.

Viktig utveksling

Utveksling av straum med nabolanda på dei 17 mellomlandsforbindelsane vi har er viktig både i høve til forsyningssikkerheit og for verdiskapinga i Noreg.  På generell basis importerar vi billeg og eksporter dyrt, det gir verdiskaping for nasjonen.

Kanskje ville prisen ha vore lågare den ekstreme dagen, men dersom vi skulle klare oss sjølv utan utveksling med andre måtte vi ta høgde for at tilsiget til norske kraftverk kan variere med pluss/minus 40 porsent. Det kan svinge mellom 100 til 150 TWh, medan forbruket er rundt 135 TWh og aukande.

Vi måtte da bygge ut «kalde» reserver på 40 TWh, som sto klare til å dekke inn tørrår, om vi ikkje skulle få importere frå nabolanda.  Dette har ein svært høg kostnad. Dette gjeld også for nabolanda. Europeisk samarbeid og fri flyt av kraft mellom nasjonar er det beste både samfunnsøkonomisk og sikkerheitspolitisk.

Prisane vil svinge meir

På grunn av stort tilfang av ny uregulerbar kraftproduksjon frå sol og vind som produserar ned mot null pris, så vil dette dekke marknaden så lenge det er nok av den.

Etter utfasing av grunnlast frå kull- og atomkraft i Europa, vil difor prisane svinge meir enn før fordi produksjonen er meir vekslande medan forbruket er relativt jamt og svingar med døgnet og årstidene. Dette gir meir større prisvariasjon enn kva vi har opplevd tidlegare. No svingar det mellom -1 kr/kWh til 10 kr/kWh.

Husholdningar og bedrifter som treng forutsigbarheit bør velje fastpris kontraktar. I Sverige og Finland har mesteparten av husholdningane fastpris. Ynskjer vi låge prisar må vi passe på at tilbodet alltid er større en forbruket. I dag er Noreg på veg mot kraftunderskot.

Strømstøtte til hinder

Strømstøtteordninga dempar sjokket mot høge kraftprisar, men løyser ikkje problemet. Den er også til hinder for at bedrifter og husholdningar investerar i ENØK-tiltak som ville tatt ned forbruket. Eit kontantbeløp utbetalt til husholdningane ville kunne gitt redusert forbruk gjennom kjøp av varmepumper, sol på taket, etterisolering og så vidare.

Som nasjon må vi ta vare på fordelen vi har hatt med den billigaste straumen i Europa. Då må tilbodet vere større enn forbruket.

Olav Osvoll er konsernsjef i Tussa Kraft og utdanna ingeniør med tilleggsutdanning innanfor økonomi og administrasjon. Han har også lang erfaring frå fornybarbransjen, både frå NVE, Sunnfjord Energi, BKK og direktør i Eviny Fornybar.

Ledige stillinger

Loading..