
Sirkulærøkonomi er eit stort moteord no til dags. Nokon tek til orde for at då skal ein gjenvinne alle fraksjonar i avfallet, koste kva det koste vil. Dersom dette skulle bli den rådande politikken, så vil det bli veldig dyrt for dei som betaler renovasjonsavgift og det vil gje auka klimagassutslepp. Eg vil minne om at det viktigaste som vi kan gjere no er å hindre CO2 utslepp til atmosfæren slik at atmosfæren unngår ein ukontrollert og irreversibel oppvarming.










